25-åring vant én million i Pantelotteriet
En 25 år gammel kvinne fra Oslo skulle bare handle til nyttårsfeiringen og tok med seg en pose tomflasker inn på butikken. Sekunder etter vant hun én million kroner.
6. juni 2019
Joker Hjelledalen har nyleg investert i ny panteautomat, med Pantelotteriet. Det gledar Stryn Røde Kors. – Inntektene frå lotteriet er utruleg viktige for oss, seier Røde Kors-leiar Per Eilert Ommedal. Det skriver Fjordingen.
Nyleg inngjekk Joker-kjeda ein avtale med Røde Kors om å innføre Pantelotteriet i si kjede. Kjøpmann Gunn Sørum hjå Joker Hjelledalen var ein av dei første som valde å bli med.
Sliten og treg
– Den gamle panteautomaten har vi hatt her sidan 2004, året etter at eg overtok butikken. Den var sliten og treg, og då vi skulle kjøpe ny automat føltest det rett å velje ein med Røde Kors-knapp, seier Gunn Sørum.
Etter at automaten var på plass i byrjinga av mai, har ho fått berre positive tilbakemeldingar.
– Det er mange som deltek i lotteriet med panten sin, og kundane synest det er veldig flott at dei kan støtte Røde Kors på automaten. I tillegg er det jo ei moderne og raskare maskin, så eg er veldig fornøgd med valet, seier kjøpmannen, som går inn i ei meir travel tid.
– Vi er ein butikk som er veldig prega av sesongane, og fram mot sommaren kjem det stadig fleire kundar og turistar.
Stort behov
Leiar i Stryn Røde Kors, Per Eilert Ommedal, er særs glad over lotterinyheita.
– Vi har høg aktivitet her i Stryn, og har stadig behov for midlar til blant anna hjelpekorpset, besøksteneste, tilbod for flyktningar og Røde Kors-huset i Stryn sentrum. Då er ekstra inntekter frå Pantelotteriet veldig verdifulle for oss, seier Ommedal, som no har nær 400 medlemar i Stryn Røde Kors.
Mange av dei er medlemar i Hjelpekorpset, som dekkjer heile Stryn. Her er det beredskap på redning i elvar og i sjøen, fjellredning og redning ved skred. Ofte hjelper dei også til dersom det skjer noko utanfor nærområdet.
– Besøkstenesta er også eit viktig og populært tilbod. Her besøker vi hovudsakleg bebuarar på omsorgssenteret, pluss nokre som bur heime. Vi har mange som bidreg, men treng absolutt fleire som kan vere med i besøkstenesta, seier Røde Kors-leiaren.
No håpar han at mange vil trykke på Røde Kors-knappen på Joker Hjelledalen.
– Kanskje får vi nokre vinnarar også. Det hadde vore moro. Og om du ikkje vinn, så kan du tenkje på at pengane går til ei god sak, seier Ommedal.
En 25 år gammel kvinne fra Oslo skulle bare handle til nyttårsfeiringen og tok med seg en pose tomflasker inn på butikken. Sekunder etter vant hun én million kroner.
Sønnen mente det ikke var noe vits i å trykke på Pantelotteri-knappen. Tone Helen Dahle (41) angrer ikke på at hun gjorde det likevel. Det skriver VG.
En kvinne i 70-årene skulle handle inn til lunsj. Nå har hun én million mer på konto. Det skriver TV2.